Velkomen til Sykkylven Småbåthamn!

Sykkylven Småbåthamn ligg flott plassert like ved Aure sentrum i Sykkylven. Her har vi ca 20 gjesteplasser og 259 faste båtplassar. I gjestehamna er du velkomen til eit hyggeleg opphald, her kan vi tilby flott servicebygg med toalett/dusj, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, ferskvann og straum. Sykkylven kommune med 7.700 innbyggjarar kan by på ein svært variert og vakker natur. Her finn du både smale fjordar, flate og frodige dalar, blå brear og mektige og ville fjellformasjonar. I kommunen er der mange flotte tur/sykkel og fiske mulegheiter. Sykkylven er kjend både innanlands og utanlands for sine spennande møbelfabrikkar, og møbelindustrien dominerar naturleg nok det lokale næringslivet. I sentrum av Sykkylven, Aure, finn du eit stort mangfald av butikkar, kun ein liten spasertur frå hamna.

Menu Title